Finsk lapphund
finn
Planlagt kull av finsk lapphund – interesseundersøking
Vi held til i Sogndal på Vestlandet og vurderer eit kull etter våre to flotte finske lapphundar, Dorris og Kiba. Vi ønskjer å kome i kontakt med personar og familiar som vurderer å skaffe seg kvalp frå denne fantastiske rasen. Begge hundane har eit stabilt og godt gemytt, er familiekjære og har eigenskapar vi ønskjer å føre vidare. Om foreldredyra Kiba er ein roleg og vennleg finsk lapphundhann med eit godt og stabilt gemytt. Han er sosial, tillitsfull og svært glad i menneske. Han trivst godt saman med familien og er barnevennleg, med eit mildt og tålmodig vesen. For rasen er han relativt stille og bjeffar lite. Dorris er ei roleg og tålmodig finsk lapphundtispe med eit varmt og kjærleg vesen. Ho er svært familiekjær og glad i nærleik og kos, og trivst aller best saman med flokken sin. Dorris er sosial og trygg, og likar godt å vere der ting skjer og ta del i kvardagen til familien. Målet vårt er å avle fram trygge, sunne og velfungerande familiehundar med rasetypisk temperament. Helse og oppfølging Før eventuell parring vil begge foreldredyra gjennomføre nødvendige helsekontrollar i tråd med anbefalingane for rasen. Dette inkluderer HD-røntgen og augeundersøkingar. Vi legg stor vekt på helse, gemytt og gode avlseigenskapar når vi planlegg kullet. Dersom planane blir gjennomførte og kullet kjem til verda, vil kvalpane bli registrerte i NKK, leverte med helseattest, vaksine og id-merking etter gjeldande krav. Vi ser etter dei rette heimane For oss er det viktig at kvalpane kjem til varige og gode heimar. Vi kjem derfor til å bruke tid på å bli kjende med aktuelle kjøparar, og vi ønskjer dialog med interesserte før vi eventuelt set opp liste over framtidige kvalpekjøparar. Å melde interesse gjennom denne annonsa er ikkje bindande, men gir oss eit inntrykk av interessa for kullet og moglegheita til å finne gode framtidige heimar. Ta gjerne kontakt og fortel litt om deg sjølv dersom du er interessert i ein kvalp eller ønskjer meir informasjon om planane våre. Vi svarer gjerne på spørsmål om rasen, foreldredyra og prosessen vidare.
Inkluderer
Helsedokument
Vaksinering
Chip
Stamtavle