Hjem
Spansk vannhund
Spansk vannhund icon

Spansk vannhund

finn

Spansk vannhund

Spansk vannhund, hann – 1 år – vurderes omplassert til rett heim🏡 Det er med tungt hjarte at eg vurderer å omplassere Otto, men berre dersom eg finn den heilt rette heimen. Otto er ein 1 år gammal spansk vannhund. Han er kjemisk kastrert, vaksinert (inkludert flåttvaksine), chippa og helsesjekka. Otto er ein typisk representant for rasen – svært smart, lærevillig og lojal. Allergivennleg og røytefri. Han knyter sterke band til menneska sine og er veldig glad i kos og nærleik. Samtidig er han vaktsam og har mykje energi. Han treng både fysisk aktivitet og mentale utfordringar for å trivast.🐕 Otto passar best hos nokon som: * Har tid og kapasitet til trening og aktivisering. * Er innstilt på å legge ned arbeid og vere tålmodige. * Gjerne bur landleg eller har gode moglegheiter for aktivt hundeliv. Han har nokre område vi jobbar med i treninga, og dette fortel eg gjerne meir om til seriøst interesserte. Det er viktig for meg å vere open om både styrkane og behova hans, slik at han får dei beste føresetnadene vidare.👏 Grunnen til at eg vurderer omplassering er at eg er aleine med ansvaret og ser at Otto fortener ein kvardag der nokon har endå meir tid og overskot til å gi han det han treng enn eg som ein person med ein travel kvardag ikkje oppnår som ønska.👩 ⚕️ For den rette personen kan eg gjerne hjelpe til med pass ved behov, eller diskutere ei løysing med deleigarskap dersom det skulle vere aktuelt. Det aller viktigaste for meg er at Otto kjem til ein trygg, stabil og kjærleg heim. Eg har ingen hast, og kjem til å vere nøye med kven som evt. får overta han. Pris kan diskuteres. Ta gjerne kontakt og fortel litt om deg sjølv, og kva slags heim du kan tilby Otto. 🐶❤️

Inkluderer

Helsedokument

Helsedokument

Vaksinering

Vaksinering

tick

Chip

Chip

10 000 NOK
Gå til annonse