Me ser etter nokon som kunne tenkt seg å gå tur med eller passe Hachi, vår 8 år gamle samojed, noken dagar i veka.
Hachi er ein snill og sosial hund som er veldig glad i folk og går godt overens med barn. Han blir gjerne med på både joggeturar, fjellturar og kortare lufteturar. Inne er han veldig roleg og avslappa, og han klarer seg fint heime aleine.
Mannen i hus jobbar vekke i 2 veker og er heime i 3 veker. Me ønsker derfor å finne nokon som kan stille opp litt dei vekene han er på jobb.
For oss er det viktig å finne rett person, med hjerta for dyr. Me ønsker ein person me kan stola på å slappa av når me leverer Hachi vekk. Me er veldig glade i Hachi, og han er jo ein del av familien vår, så me vil jo helst han skal få seg ein liten ekstra heim der me veit han kan ha det bra når me treng pass til han.
Er dette noko for deg, eller kjenner du nokon som kunne vore interessert? Ta gjerne kontakt! Kun seriøse hendvendelser.